IMG 7486

Grasfôra kjøt


Grasfôra kjøt er kjøt frå dyr som er framfôra på ein stor andel gras og ein liten andel kraftfôr. Alle dyra går ute på beite ein lang sommarsesong og et kun beitegras. Om vinteren får dei gras av rundballar og litt kraftfôr. Kraftfôret er spesialutvikla og inneheld ikkje soya. I staden vert det nytta raps i fôret. Dette gjer at dette fôret verkar om lag som gras i dyret. Dyr som er fôra på denne måten veks seinare og det viser seg at det vert langt finare fibrar i kjøtet og meir innmarmorert feitt. Dette resulterer i eit langt mørare og saftigare kjøt og det gir ein betre smak på kjøtet.

Dette har vi dokumentert gjennom eit forskningsprosjekt der vi samarbeidde med mellom anna Nofima Mat AS (tidlegare Matforsk). Prosjektet vart finansiert gjennom Midt-Norsk Forskningsfond og heitte "Utvikling av storfekjøt med høgare spisekvalitet".

Det viser seg òg at når dyra er framfôra på denne måten vert det meir omega 3 og mindre omega 6 i kjøtet. – Tal frå amerikansk forskning viser at forholdet mellom omega-6 og omega-3-fettsyrer er 20 til 1 dersom dyra får maisbasert fôr. Men har dei berre fått gras, er forholdet berre 2 til 1.

Vi meinar at dette er ein måte å produsere storfekjøt på som nyttar dei ressursane me har på Sunnmøre samstundes som det er både klimavenleg produksjon og god dyrevelferd.

Vi brukar om lag eit halvt år lenger tid til å fôre fram ein ukse enn det som er vanleg i dag. Dette gjer at det er ein dyrare måte å produsere kjøt på, men det gir ein langt høgare kvalitet.


- Kjøtt kan være like sunt som fisk, seier Anna Haug, prosessor i husdyrfag ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.