IMG 1060

Om Sunnmørsmat

Sunnmørsmat AS vart etablert på Sørengarden på Haramsøy i 2013. Grunnlaget for selskapet er eit omfattande arbeid over mange år og ein lidenskap for lokal mat med høg kvalitet. Dette har resultert i både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt.

Sunnmørsmat AS sel og marknadsfører både Sunnmørsegg og Grasfôra kjøt frå gardar som selskapet samarbeider med. Selskapet er leverandør både til daglegvarehandelen og til restaurantmarkedet. Det er òg mogleg å kjøpe varer frå gardsutsalet på Sørengarden der selskapet har sitt kontor.