IMG 7498

Kvalitetsfilosofi

Gjennom mange år har vi som står bak Sunnmørsmat arbeidd med å utvikle matvarer som skal gi kundane våre gode matopplevingar. Det har vore lagt ned eit omfattande arbeid mellom anna i samarbeid med Nofima Mat AS (tidlegare Matforsk) og vi har hatt finansiering frå Midt-Norsk Forskningsfond etter søknad behandla i forskningsrådet. Vårt omfattande og grundige arbeid med kvalitet vert vidareført ved at vi samarbeider med andre bedrifter som har høg fokus på kvalitet.

Vårt mål er at våre kunder skal oppleve våre produkt som dei beste produkta som er på marknaden!