Zanzibar

ZANEGG ZNZ LTD, VÅRT SØSTERSELSKAP PÅ ZANZIBAR!

På Zanzibar har vi som står bak Sunnmørsegg her i Noreg bygd opp ein farm med fem hønehus, oppalshus, administrasjonsbygg og boligar for ansatte.

Vi har bygd opp eit selskap med kapasitet til å produsere mellom 8.000 og 9.000 egg kvar dag. Vi har nærare 20 ansatte på farmen og vi har bygd opp ein salgs- og distribusjonsorganisasjon som i hovudsak leverer egg av høg kvalitet og med fin gul eggeplomme til eit stort antall hotel på Zanzibar. Vi distribuerer med eigen lastebil som er profilert og vert lagt merke til langs vegane. Vi har også planta ca 150 lime-tre på farmen og vi etablerer no grønnsakproduksjon.

Zanegg_Brochure-61-Copy.jpg#asset:10425

Vårt mål med å bygge opp dette er å etablere arbeidsplassar hovudsakeleg for lokalbefolkninga, men også å drifte selskapet med eit overskudd av drifta. Vi som står bak dette selskapet har ein avtale om at eit eventuelt overskudd skal brukast til å hjelpe spesielt kvinner og unge på Zanzibar til å skaffe seg muligheiter til inntekter og utvikling.

Vi har teke fleire initiativ til slike aktivitetar og har fleire idèar vi vil prøve å gjennomføre. Mellom anna har vi no meir enn ti kvinner og unge som har skapt seg ein leveveg ved å kjøpe egg frå Zanegg for ein rimeleg penge. Dei kokar egga og dyppar dei i litt salt og sel både til lokalbefolkning og turistar.

Vi er i gang med å planlegge Zanegg Chef School etter eit initiativ frå Nils-Henning Nesje,Nesjemat (mat med hjerte) og i samarbeid med Plastfritt Hav her på Sunnmøre. Initiativet kom etter at Nils-Henning og Caroline ved Nesjemat var på besøk på Zanzibar. Vårt mål med dette er å organisere og finansiere eit tilbud om opplæring av kvinner og unge på Zanzibar. Vårt mål er å gi ei utdanning og sertifisering til minst 100 personer som gjennom dette kan skaffe seg en leveveg. Dette vil inkludere opplæring i språk, hygiene, matlaging, salg og kundekontakt. Vi vil også bygge opp utsalgsstader rundt omkring på sør-østkysten av Zanzibar, og seinare på heile Zanzibar. Dei som vert sertifisert og deltar i dette vil då bli uniformerte , utsalgsstadene vert profilerte og gjenkjennbare og det skal fremstå profesjonelt og hygienisk. Oppdatering 2024: Dessverre vart Caroline alvorleg sjuk i 2023 og døde våren 2024. Dette har ført til utsettelse av det vidare arbeidet med Zanegg Chef School, men Nils-Henning er fast bestemt på å fortsette dette arbeidet.

Zanegg_Brochure-02.jpg#asset:10426

I tillegg til dette har vi eit etablert samarbeid med Plastfritt Hav og Havila Kystruten. Dette samarbeidet inneber at Havila Kystruten kjøper Sunnmørsegg til båtane sine. Sunnmørsmat har forplikta seg til at det går ein andel av betalinga for desse egga til å finansiere det vi kallar vår felles berekraftsatsing på Zanzibar. I praksis inneber dette at vi har etablert organisert innsamling av plast frå strendene på sørøst-kysten på Zanzibar. Dette tek utgangspunkt i Plastfritt Hav sitt sterke engasjement for å redusere marin forsøpling i mange år her på Sunnmøre og Plastfritt Hav si internasjonale satsing går under navnet None Plastic Ocean.

Som ein konsekvens av dette har vi også engasjert oss i kva som skjer med avfall som vert samla inn på Zanzibar. Ut frå ein situasjon der mykje av dette hamnar ut i naturen igjen så har vi engsjert oss i å finne ei løysing der både plast og anna avfall vert teken hand om på ein mest mogleg berekraftig måte. Her har vi eit mål om å få rein energi og andre reine produkt ut i andre enden.

Sea2Energy_soppelbilder__VALENTO_MEDIA-1.jpg#asset:10427

MayaiOceanResort_Outside_MQ__ValentoMediaAS__003.jpg#asset:16614

Etter mange år og mange turar til Zanzibar valgte vi i 2021 å kjøpe oss ei strandtomt og etter eit år med søknadar og arbeid for å få på plass alle dokument starta vi å bygge vårt eige hotell sommaren 2022. I juli 2023 stod anlegget ferdig med 14 rom, herav to suitar, bar og restaurant, svømmebasseng med tre avdelingar, resepsjon, vaskeri med meir. Hotellet ligg rett på stranda og heiter Mayai Ocean Resort. Mayai er swahili og betyr egg. Vi har også etablert vårt eige reiseselskap som marknadsfører og sel turar til Zanzibar til norske og nordiske turistar.
LES MEIR: www.mayaioceanresort.com - www.zanzibardreams.com

Vårt prosjekt med eggproduksjonen på Zanzibar har utvikla seg til ikkje berre å handle om gule eggeplommar, men at vi skal etablere produksjon av egg med høg kvalitet, vi skal betre matvaresikkerheita, vi skal bytte ut importerte egg som går til turistane med lokalt produserte egg og vi skal bidra til å heve matvaretryggleiken generelt. Vi ynskjer å bidra til å skape arbeidsplassar og inntektsmuligheiter og det er eit mål å få studentar som studerer på Zanzibar til å delta i kvalitets, opplærings- og mentorprogram. Vi vil også bidra til utveksling av studentar mellom Zanzibar og Noreg og vi tek mål av oss til å bli ein «gamechanger» på Zanzibar!

Dette er store og hårete mål, men samtidig er det berre starten på eventyret om vårt arbeid på Zanzibar….!

KORLEIS STARTA DETTE EVENTYRET PÅ ZANZIBAR?

Det heile starta hausten 2015. Eg var då bonde, egg-, storfekjøt- og mjølkeprodusent og vi hadde nokre år tidlegare etablert Sunnmørsegg som ei lokal merkevare på Sunnmøre. Eg sat i bil på veg nedover Gudbrandsdalen då telefonen ringte.

Hallo! Det var ein heilt ukjent person som ringte meg. Han sat då på ein benk utanfor ein butikk i Ålesund sentrum og hadde sett plakaten som presenterte Sunnmørsegg med dei gulaste eggeplommer du kan tenkje deg. Han forklarte meg kort at han hadde vore på Zanzibar mange gonger dei siste 12 – 15 åra og at han hadde ein idè om at lokale kvinner kunne halde høner og produsere egg med gul plomme til turistindustrien på øya.

Så kom spørsmålet: Vil du bli med på eit eventyr og reise til Zanzibar for å få til dette?

Eg er ein person som tenkjer at det er viktig å vere open for nye ting og muligheiter så svaret kom nok ganske så kontant: JA!

Det vart stille i andre enden av telefonsamtalen…. Det verka som det kom litt brått på, og ikkje noko han var vant med, det at eg sa ja direkte gjennom telefonen. Eg vil seie det slik i dag at dette ja-svaret har vorte til ein ny dimensjon i livet mitt.

Sea2Energy_strandbilder__VALENTO_MEDIA-5.jpg#asset:10424


Gjennom vinter og vår la vi planar og i slutten av september 2016 det året reiste eg til Zanzibar for første gong. Dette var min første tur til Afrika, utanom turane til Gran Canaria, og då vi kom dit ned farta vi rundt og eg fekk sjå alt som turistar vanlegvis ikkje får sjå og litt av det som turistane opplever der. For meg var det eit kultur-sjokk!

Kultursjokk-fattigdom.jpg#asset:3513

Rune-pa-stranda-i-Jambiani.jpg#asset:3456

hotelbilde.jpg#asset:3462


Zanzibar er ei fantastisk øy utanfor Tanganika og saman utgjer dei unionen med namn Tanzania. Det er fantastiske sandstrender, hundrevis av hotell på rad og rekkje langs strendene, men også strender utan bebyggelse. Samtidig er det veldig grønt og fint på øya. Stone Town eller Zanzibar City som den også heiter er hovedstaden og dette har vore eit sentralt handelssentrum i tidlegare tider. Spesielt er øya kjent for krydder-handel. I dag står turistindustrien for om lag 80% av inntektene til øysamfunnet. Samtidig som alle turistane koser seg på dei fantastiske strendene lever ein stor del av lokalbefolkninga i stor fattigdom. Faktisk er fattigdommen større på Zanzibar enn den er på fastlandet i Tanzania. Levealderen blant lokalbefolkninga er faktisk under 50 år i gjennomsnitt og ein barnelege fortalte meg at små barn som kjem til sjukehuset der han arbeidde i hovudsak leid av underernæring.

Vi bodde på svært enkle hotel og fekk servert lokale egg. Desse egga hadde eggeplommer som var om lag like kvite som eggekvita og det vil vere å skrøne å seie at det var veldig apetitteleg. Eg skjønar difor godt kvifor litt finare hotell importerer egg med gule eggeplommer slik at turistane får egg som liknar meir på det dei er vant til. Vi besøkte marknaden i Stone Town og farta rundt. Eg fekk sjå stablar med eggbrett stå framme i sola og skjøna veldig fort at her var det mykje å ta tak i for den som ville gå laus på oppgåva med å få til lokal produksjon av egg med gul plomme og av høg kvalitet til turistindustrien. Samtidig måtte det vere eit potensiale i å bytte ut lokalt produserte egg med egga som vart importert. Dette kunne verkeleg vere noko som skapte arbeidsplassar, inntekter og betring på Zanzibar.

Bilde-6_200921_005558.jpg#asset:3467

Bilde-8.jpg#asset:3457


Vel heime gjekk vi i tenkeboksa både for å finne ut korleis vi kunne få til noko på Zanzibar og for å finne ut korleis vi kunne finansiere det. Hovudskissa til kva som måtte gjerast og korleis såg eg konturane av alt då vi var der nede, men det var ein lang veg til å realisere det. Etter kvart kom vi i kontakt med Det kongelige selskap for Norges Vel. Dei hadde dreve bistandsarbeid i Afrika i over 40 år og av alle stadar så hadde dei kontor i Dar es Salaam, hovudstaden i Tanzania, som ligg ca to timar med hutigbåt frå Zanzibar. Vi enda opp med å inngå ein samarbeidsavtale med Norges Vel, og vi var no verkeleg i gang med å legge planar. Kontoret i Dar es Salaam gjorde ein fantastisk jobb for oss og utarbeidde ein forretningplan byggd på våre planar. Dei sendte ut ein mastergradsstudent som reiste rundt på hotella på Zanzibar i vekesvis og gjorde ei omfattande marknadsundersøking. Denne berre bekrefta at det var stort potensiale for vår idè.

Bilde-12.jpg#asset:3463


Så starta vi å planlegge ein stor workshop på Zanzibar. Denne skulle foregå i september 2018 så det hadde vorte to år med planlegging. Det var Norges Vel som tok seg av planlegging og gjennomføring av workshopen og vi var 18 deltakarar, mellom anna fire kvinner i målgruppa som kun snakka swahili. Ei stund før workshopen vart eg oppringt av Leif frå Elverumstraktene. Han fortalde at han var engasjert i eggproduksjon i Tanzania og at han hadde lang erfaring med bistandsarbeid i Afrika. Eg inviterte han til å bli med på workshopen og takka vere denne invitasjonen er vi der vi er i dag! Like før avreise til Zanzibar ringte Leif igjen og fortalte at det var søstra hans som tok seg av alt som hadde med høner og eggproduksjon å gjere så ho måtte vere med på workshopen…. Eg måtte no verkeleg ta i bruk overtalingsevnene mine for å få Norges Vel til å ta med ein person til, men heldigvis fekk vi plass til Leif si søster. Då vi kom inn i møterommet var det namneskilt på alle plassar ved det hesteskoforma bordet, men ved sidan av Leif stod det Leifs sister. Vi vart nok litt lang i maska då vi møtte Leif for første gong. Den som kom i lag med Leif var Innocent, no dagleg leiar i selskapet vi har etablert på Zanzibar.

Det viste seg at Innocent var veterinær med eigen praksis samtidig som han dreiv med eggproduksjon med ca 1.000 høner samt rugeri. Han hadde vore i Noreg og gjennomførte dei to siste åra av utdanninga si på det som i dag er NMBU på Ås. Her vart han kjend med Leif og dei utvikla eit far / son forhold og etter studiane arbeidde han nokre månader i entreprenørselskapet til Leif. Etter at han reiste tilbake til Tanzania har Leif tilbrakt mange månader av året der nede og saman har dei bygd opp den businessen som Innocent driv i Dar es Salaam. På Ås hadde Innocent ein professor som heitte Lars Olav Eik. Seinare då Innocent og familien var i Noreg sommaren 2019 hadde vi eit felles møte med professoren på Ås og dette har åpna mange dører til samarbeid for oss.

Bilde-15.jpg#asset:3460

Bilde-16.jpg#asset:3512


Workshopen vart eit veldig godt møte der det som verkeleg imponerte var dei lokale kvinnene. Forretningsplanen vart framlagt og det vart gått igjennom alle utfordringar ein kan oppleve som eggprodusent i Afrika slik som prisfall, auka fôrprisar, sjukdommar med meir. Kvinnene var likevel like entusiastiske og lot seg ikkje skremme. Vi reiste også rundt og såg på aktuelle stader å etablere oss og hadde møter med mulige samarbeidspartnarar. Vi hadde tenkt mykje på kven vi burde invitere med oss på dette prosjektet og vi enda opp med at det vi ynskte mest var at vi kunne få med oss dei to rugeria som ruger ut kyllingar til eggproduksjon i Noreg. Pål Ånund frå Børge Undheim AS var med på workshopen, men den som vart med i prosjektet til slutt var Steinsland & co AS, og her gjekk Tone Steinsland inn i styret i selskapet på Zanzibar.

Bilde-14.jpg#asset:3511


Vel heime igjen var vi ivrigare enn nokon gong og det vart sendt søknad om finansiering av prosjektet til Norad frå Norges Vel. Prosjektplanen gjekk ut på å bygge opp eit anlegg med 10.000 høner, administrasjonsbygning, lager og vaktbu. Vidare skulle vi bygge opp ein salgs- marknads- og distribusjons-organisasjon og bygge opp paralellen til Sunnmørsmat og Sunnmørsegg på Zanzibar. Dette med eit hovudanlegg med 10.000 høner var både for å raskt få eit volum slik at vi kan vere leveringsdyktige når vi først går inn på hotell-marknaden, men òg for å få eit volum som kan bere kostnadane til ein slik organisasjon. Vi skulle så bygge opp over eit hundre lokale småskala farmar, fortrinnsvis drevne av kvinner og unge. Vi skulle tilby opplæring, mentorprogram og fôr av god kvalitet samt å ta oss av salg og kvalitetsarbeid. Til grunn for heile prosjektet låg tanken om berekraft, både når det gjaldt det å erstatte importerte egg med lokalt produserte egg, det å bygge opp ei økonomisk berekraftig verdikjede og det å bidra til eit berekraftig samfunn. Altså både sosialt, økonomisk og biologisk berekraft, ref. FN sin berekraftdefinisjon. Det var spennande dagar medan vi gjekk og venta på svar frå Norad.

Så kom nedturen…!

Det vart avslag på søknaden til Norad!

Etter at alt hadde gått så bra og vi hadde møtt så mykje velvilje og tru på prosjektet vårt sat vi no og lurte på om vi skulle tvinne tomlar i eit års tid eller kva vi skulle gjere. Som den Sunnmøringen eg er så er eg nok ikkje skapt for å sitte og vente så her måtte vi finne ein annan måte å gjere det på.

Vi tok kontakt med Norges Vel og spurte om dei kunne lage ein eigen forretningsplan av den delen av planen som handla om sentralanlegget, etablering av 10.000 høner samt salgs- marknads- og distribusjons-organisasjonen. Dei var igjen velvillige og laga ein slik plan for oss. Sentrale spørsmål var kor mykje kapital måtte vi skaffe og kven skulle vi få med oss på dette?

Etter kvart fekk vi oversikt over dette og vi planla å etablere eit aksjeselskap på Zanzibar slik at vi kunne invitere med oss andre. Frå at tanken var at vi skulle få med oss mange investorar utvikla det seg over litt tid til å verte slik at prosjektet stort sett er finansiert av Sunnmørsegg. Faktum er at det er Sunnmøringane si store oppslutning om å kjøpe Sunnmørsegg som har finansiert om lag heile dette prosjektet på Zanzibar! I tillegg bidrog Steinsland &co AS med ein liten andel av kapitalen samtidig som dei har bidratt med kompetanse. Vi gjorde ein aksjonæravtale som går ut på at dersom vi lykkast med dette og selskapet klarer å tjene pengar så skal desse pengane gå til å bygge opp småskala eggprodusentar, hovudsakeleg kvinner og unge, samt anna hjelpearbeid på Zanzibar og i Tanzania.

Jambiani.jpg#asset:3464


Vi var no komne til sommaren 2019 og Innocent og familien var i Noreg for å besøke Leif. Medan dei var i Noreg tok eg, Leif og Innocent med familie ein felles tur til Steinsland & co på Jæren. Der vart investoravtalar og aksjonæravtalar signerte og vi var verkeleg i gong. Vi engasjerte ein konsulent som hadde arbeidd for Norges Vel i Dar es Salaam og Innocent byrja som dagleg leiar. Hausten og vinteren 2019/20 vart det mange turar til Zanzibar og vi reiste frå kontor til kontor der nede. Vi fann ei tomt som vi avtalte å kjøpe, men så stoppa det opp på grunn av ein nabo som protesterte på planane våre. Etter tre turar var vi tilbake til start og på jakt etter tomt…. Etterkvart har vi fått eit svært godt samarbeid med myndigheitene på Zanzibar og til slutt tilbaud dei oss å kjøpe ei tomt direkte frå myndigheitene. Denne ligg i ein liten landsby som heiter Bwejuu på motsatt side av Paje i forhold til Jambiani, der vi først hadde funne tomt.

Grnt-og-fint-p-Zanzibar.jpg#asset:3465


Eg kan ikkje få berømma Innocent nok for den jobben han har gjort både med å sikre oss denne tomta, planlegginga av farmen og ikkje minst når det gjeld oppbygginga av anlegget. Sjølvsagt har korona påvirka oss sterkt slik at vi ikkje har kunna reise nedover slik vi hadde planlagt. Men der nede på Zanzibar gjekk byggeprosessen sin gang og då eg kom nedover i november 2020 så var farmen så godt som ferdig. Fire hønehus stod då ferdige. Dei er delt i fem separate dyrerom. I tillegg var det bygd administrasjonsbygning med lager, garderrober, veterinærkontor og hovedkontor. I tillegg vert det ei vaktbu med toalett og eit rom der ein kan overnatte. Seinare har vi bygd eit hønehus til, oppalshus der kyllingane vert fôra fram frå ein dag til seksten vekers alder samt personalbolig med seks separate rom og toalett og dusj-fasilitetar.

Gjennom kontakten med Lars Olav Eik ved NMBU på Ås har vi vorte introduserte for sentrale personar hjå myndigheiter og universitet på Zanzibar. Vi har òg hatt god kontakt med den norske ambassaden i Dar es Salaam og det vi no bygg opp skjer i tett samarbeid med både lokale, regionale og sentrale styresmakter på Zanzibar.

Hausten 2019 var mellom andre Tord med oss på tur til Zanzibar. Han er ein kar med stort sosialt engasjement, og han er Sunnmøring! Han vart engasjert i det vi driv med der nede og han vart med på ny tur i februar 2020 også. På Zanzibar har vi no alt klart til å starte ein NGO der Tord vert med som styremedlem. Denne NGOen (Non Govermential Organization) er denorganisasjonen som skal vere ansvarleg for å bygge opp småskala eggprodusentar, opplæring og mentor-program, men òg samarbeid med mellom andre universitetet på Zanzibar. Saman med NMBU på Ås og fleire universitet i Tanzania har vi søkt om midlar til å finansiere dette arbeidet, utan at nokon av søknadane har resultert i noko finansiering til dette arbeidet. Vi har sterk tru på at vi skal klare å gjennomføre dette sjølv utan noko støtte, men vi kunne gjort så mykje meir dersom vi fekk inn midlar frå Norad eller liknande finansieringskjelder.

bilde2.JPEG#asset:3466

merged_3.jpg#asset:6659

Bilde-13.jpg#asset:3454


Gjennom denne tida har vårt mål utvikla seg til ikkje berre å handle om gule eggeplommar, men vi skal etablere produksjon av egg med høg kvalitet, vi skal betre matvaresikkerheita, vi skal bytte ut importerte egg som går til turistane med lokalt produserte egg og vi skal bidra til å heve matvaretryggleiken generelt. Vi ynskjer å samarbeide med alle lokale produsentar som ynskjer å samarbeide med oss og det er eit mål å få studentar som studerer på Zanzibar til å delta i kvalitets, opplærings- og mentorprogram. Vi vil også bidra til utveksling av studentar mellom Zanzibar og Noreg og vi tek mål av oss til å bli ein «gamechanger» på Zanzibar!

Dette er store og hårete mål, men samtidig er det berre starten på eventyret om vårt arbeid på Zanzibar….!

Oppdatering november 2021:

Året 2021 har ikkje vorte heilt slik vi håpa på og planla, men det har likevel vore eit spanande og utviklande år for oss. På grunn av den pågåande pandemien så kom eg meg ikkje ned til Zanzibar før i slutten av juni. I mellomtida hadde Innocent gjort ein fantastisk jobb med å fôre fram dei små kyllingane vi satte inn i november 2020 og i slutten av april starta dei så smått å legge egg. Då eg kom ned i juli var salget av egg godt i gang, eggeplommane var gule og kull to som var innsatt i februar 2021 starta så smått å verpe. Medan eg var der fekk vi mange hotel som kundar, men turistane var ikkje tilbake slik vi håpa på så vi har vore avhengig av å selge ein del egg til oppkjøparar heilt fram til no. Prisane har også vore noko meir pressa på grunn av dette så vi har fortsatt eit godt stykke til vi går i balanse. Vi har kjøpt ein lastebil frå Japan til å distribuere egga. Denne vart levert i september noko som var nesten fem månader forsinka. Dette skuldast utfordringar med transporten på grunn av pandemien. Då eg kom ned ein av siste dagane i september på min andre tur i 2021 stod den på farmen ferdig profilert og den fungerer godt som ei rullande reklame når våre ansatte kjøyrer rundt og leverer egg. På farmen har vi no 10 ansatte i tillegg til Innocent som er dagleg leiar.

For kvar tur eg er nedover lærer eg meir om samfunnet på Zanzibar og samarbeidet med Innocent har vore heilt eineståande. Han fortel meg mykje om det han og dei andre ansatte opplever og dette gir meg stadig betra kunnskap og innsikt i korleis vi kan utvikle prosjektet vidare. Det som har vore ein verkeleg opptur for meg er å oppleve at vi finn stadig nye måter og muligheiter til å hjelpe dei som treng hjelpa mest.

Då eg var på Zanzibar i juli kom det ei kvinne til farmen og kjøpte nokre brett med egg. Eg spurte Innocent kven ho var og han fortalde meg då ei rørande historie; ho hadde komt til farmen og spurt Innocent om hjelp berre fem veker tidlegare. Ho fortalde at ho hadde mista mannen sin og at ho sleit med å forsørge både seg sjølv og barna. Innocent hadde svart at vi dessverre ikkje hadde noko å gi henne, men dersom ho ynskte det så kunne ho få kjøpe to brett med egg frå oss til ein redusert pris. Innocent ville då garantere for kjøpet slik at ho ikkje trong å betale for egga straks. Forslaget til Innocent gjekk då ut på at ho kunne koke egga og så selge dei i lokalsamfunnet som ferdig kokte egg. Personar som sel ferdig koke egg er noko ein ofte ser på Zanzibar. Med ferske egg av høg kvalitet så vart dette raskt ein suksess for kvinna og fem veker seinare då eg såg henne komme til farmen for å kjøpe egg så kjøpte ho fire brett og betalte kontant. Då eg var på Zanzibar i oktober hadde dette utvikla seg til 11 kvinner og ungdommar som kjøper egg frå oss, kokar desse og sel. Desse er alle i Bwejuu, landsbyen der farmen ligg. Dette har altså skaffa levebrød for mange unge kvinner og barnefamiliar. For meg framstår dette som ein svært enkel måte å hjelpe relativt mange på og vi tenkjer no at vi kan tilby denne muligheita i mange andre landsbyar på sørøstkysten av Zanzibar og slik kanskje skaffe levebrød til nærare 100 kvinner og ungdommar. På ein måte bidreg vi til at dei lærer seg å tene pengar på å skape ein meirverdi.

Gjennom året 2021 så har vårt engasjement på Zanzibar også utvida seg til nye områder. I starten på året vart eg kontakta av Bente Fiskarstrand som driv Plastfritt Hav, ein organisasjon som har rydda og samla inn plast i fjørsesteinane og sjøen på delar av Sunnmøre. Ho lurte på om det var mykje plastforureining på strendene og i sjøen på Zanzibar. Eg fortalte at dette med søppel er eit av dei store problema dei har på Zanzibar og at det flyt av søppel over alt. Samtidig kjem det stadig plastavfall inn frå det indiske hav og fyller på på strendene. Bente lurte på om vi kunne tenke oss eit samarbeid for å gjere noko med dette. Ho hadde lyst til å engasjere seg meir internasjonalt når det gjaldt utfordringa med marin forsøpling og hadde alt gjennomført rydding i Moria-leiren i Hellas. Vi fann raskt «tonen» og gjennomførte ei kampanje der ei krone for kvar kartong med Sunnmørsegg som vart solgt i mai skulle finansiere rydding på Zanzibar. Ho hadde litt midlar slik at ho sørga for å doble desse pengane og snart hadde vi røyst kroner 40.000,- til formålet. Medan eg var på Zanzibar i juli månad gjennomførte vi ein storstilt ryddeaksjon i samarbeid med universitetet på Zanzibar. Ca 300 studentar vart bussa ut til Paje, Jambiani og Bwejuu og vi fekk med oss ca 250 elevar og lærarar frå barneskulane i desse byane og rydda mange kilometer med strender for plast. Plasten er foreløpig lagra på farmen vår. Aksjonen fekk stor oppmerksomheit på Zanzibar og mellom anna vart det TV-innslag på Zanzibarsk TV, med intervju både med Innocent og meg.

Ein ting eg tok opp med Bente i vår første samtale var at vi bør nok også finne ut kvar innsamla avfall hamnar på Zanzibar. Dette var fordi eg hadde sett store haugar med avfall ute i naturen inne på øya i samband med at vi var rundt og såg på aktuelle tomter til farmen vi skulle etablere. Då vi spurte dei som viste oss tomter så fortalte dei at det var vanleg å hente avfall hjå hotel og ta på seg å transportere dette inn til avfallsmottak mot betaling. Men for å levere avfallet til mottak så må ein betale for dette og difor tippa dei berre avfallet i naturen så kunne dei behalde alle pengane sjølve.

Bente er ei driftig og engasjert dame og ho fann fort fram til ulike alternative måtar å handtere avfall og snart var idèen unnfanga; VI SKAL ETABLERE EIT ANLEGG FOR GASSIFISERING PÅ ZANZIBAR!

Gassifisering er ein prosess der ein varmebehandlar avfallet utan at ein slepp til oksygen. Dette inneber at avfallet, anten det er berre plast eller forskjellig typer avfall, vert omdanna til reint vann, ein rein gass og eit aktivt kull som er så reint at det kan brukast til å rense vatn med. Dette er ein teknologi som er utvikla gjennom dei siste 10 – 15 åra. Nytta av eit slikt anlegg på Zanzibar vil vere heilt unik! Den reine gassen kan brukast til matlaging, men kan også omdannast til elektrisk energi, noko som er skrikande mangel på på Zanzibar. Kullet kan brukast til å rense vann, men kan også brukast som jordforbedringsmiddel, noko som kan vere svært nyttig då der er mange grønnsaksfarmar i nærområdet. Det kan også erstatte sanden i produksjon av murstein, noko som også er skrikande mangel på. Dette vil uansett vere karbonbinding i praksis. Og reint vann er det også mangel på.

Alt i juli presenterte eg idèen om dette til dr. Abdalla ved universitetet på Zanzibar og han gav umiddelbart tilbakemelding om at dette var verkeleg interessant for Zanzibar.

Medan eg var på Zanzibar i juli var eg ganske aktiv og la ut oppdateringar på Facebook og det er mange som fyl med på det vi driv med gjennom det eg legg ut. Dette vert delt av venner og venners venner og ein dag fekk eg ein førespurnad om å bli venner på Facebook frå Helene Veflen. Ho var for tida stasjonert i Thailand, men busett i Kina. Samtidig har ho eit selskap som er registrert i Hong Kong og som driv handelsverksemd verda over. Ho hadde lagt merke til det vi driv med på Zanzibar og syntest dette var interessant. I august var vi begge tilbake i Norge og vi møttest for første gong. Seinare møttest Bente Fiskarstrand, Helene Veflen og eg. Vi er no eit team som er engasjerte i å få etablert dette anlegget på Zanzibar.


Oppdatering september 2024:

Etter covid-tida i 2020 har Zanzibar hatt ei rivande utvikling. Dei siste tre åra har det vore ei formidabel utbygging av hotel, leilighetsanlegg og hus. Trafikken til Zanzibar og ikkje minst frå Stone Town til syd-østkysten der vi held til har auka veldig mykje. Vi har no fått ein heilt ny veg frå Jozani Forrest til Bwejuu der farmen ligg.

Samtidig som vi har jobba med dei prosjekta vi alt har, har vi no utvikla nye og spennandeprosjekt. Etter å ha tilbrakt stadig meir tid på Zanzibar, og ha bodd på ca 40 forskjellige hotell, fekk eg tankar om at eg kanskje burde skaffe meg ei leilighet eller eit hus. Eg nemndedette for Tord ein gong vi var på Zanzibar saman og han repliserte raskt at det kom til å bli litt einsamt. Du er ein sosial kar, sa han til meg… Det var då tanken om å bygge eit lite hotell vart fødd, og Tord ville vere med. I tillegg vart Innoent med på eigarsida. Vi starta med å prøve å finne ei tomt. Dette var ikkje så enkelt når kravet var at vi skulle ligge rett på stranda. Dei attraktive tomtene i dei attraktive områda var sjølvsagt enten solgt eller så vart det budkamp og prisane fauk opp. Men i 2021 fann vi til slutt ei tomt som vi fekk kjøpt. Tomta er på 3.000 kvadratmeter så den er relativt stor. Grunnen til at den ikkje var solgt var at den hadde ei spesiell form. Den var smal og gjekk ganske langt bakover frå stranda. I tillegg gjekk det ein «tarm» ut til sida midt på. Denne tarmen enda i ein bakgard. I starten var også vi skeptiske til om vi kunne få utnytta denne tomta. Eg satt difor ved kjøkkenbordet heime i Norge med ei målsatt skisse av tomta. Eg teikna då ulike bygningar i samme målestokk og klipte dei ut. Så testa eg ut forskjellige plasseringar til eg fann at vi kunne dele tomta i to områder. Det eine området vart då for gjestar og turistar med rom, resepsjon, basseng og bar/restaurant. Det andre området vart då parkeringsplass og servicebygg og funksjonar.

Hverken eg eller Tord har erfaring frå hotelldrift eller reiselivet anna enn som gjestar. Men for å finne ut kva vi skulle gjere og ikkje gjere intensiverte vi vår marknadsundersøkelse ved å bo på stadig nye hotell, men også å besøke eit stort antal hotell på Zanzibar. Vi såg på løysingarog spurte og grov for å finne fram til korleis vi ville ha det. Vi vart raskt enige om at våre gjestar skulle både føle og vite at dei er på Zanzibar når dei bor på vårt hotell. Vi fann fram til ein entreprenør som tok på seg å bygge hotellet på 8 månader og etter ein lang prosess med å skaffe alle dokument på tomta søkte vi byggeløyve i juni 2022. Saksbehandlinga av denne søknaden var noko som imponerte meg. Det gjekk relativt raskt, men det var gjort grundig og vi fekk svært god rettleiing om korleis vi skulle gå fram. Om lag midt i juli forelågbyggeløyvet og det var klart for byggestart.

Første august 2022 starta sjølve byggeprosessen. Anlegget skulle då etter planen stå ferdig 1. april 2023. Det vart sjølvsagt ein del forseinkingar, men den første juli 2023 hadde vi åpningsfesten på Mayai Ocean Resort, som hotellet heiter. Mayai er swahili og betyr egg, så vi held oss til vår historie på Zanzibar. Sjølve byggeprosessen var både lærerik og interessant. Eg fekk svært god kontakt med mange av dei som arbeidde på anlegget og eg lærte meir av språket. Ikkje minst vart eg kjend med uttrykket «kashu». Dette betyr i morgon og var ofte svaret når eg spurte om når ting vart gjort. Dagen etter var det ofte samme svaret… Egopplevde etterkvart at eg forstod ein god del av det som vart diskutert på swahili, men eg har enno ein lang veg å gå før eg kan snakke språket. Byggeprosessen gjekk fort og veldig bra deiførste månadane og då eg var på Zanzibar i januar 2023 var alle bygningane røyst unntatt restauranten. Støypearbeidet på den vart utført medan eg var der og då eg reiste heim i februar var Makutitaket på plass også på den bygninga. Etter kvart gjekk framdriftshastigheita ned. Likevel kom vi nesten i mål til åpningsdatoen som var satt kort tid etter byggestart. Hotellet åpna for ordinære gjestar midt i juli 2023.

Det første driftsåret vart heilt fantastisk og vi har hatt svært godt belegg. Vi får svært mange positive og gode tilbakemeldingar frå våre gjestar og spesielt våre ansatte vert trekt fram som svært venlege og serviceinnstilte. Vi har lagt stor vekt på at vi skal ha gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Dette vil alltid vere lønsamt på lang sikt og det ser vi også på Zanzibar. Med det innleigde vaktselskapet har vi no skapt ca 45 arbeidsplassar ved hotellet. Vi har fått stadig betre kontakt og samarbeid med lokalsamfunnet. Dette har mellom anna ført til at vi har fått tilbud om å leige eit naboanlegg. Dette ligg rett ved sidan av vårt anlegg og direkte på stranda. Der står to litt eldre bygg med tilsaman fem rom med eige bad, så vi kan berre åpne opp mellom anlegga og dermed har vi utvida frå 14 rom til 19 rom, men vi har også avtalt med utleigar at vi kan rive desse byggningane og sette opp nytt bygg. Vi tenkjer at vi kan bygge åtte eller ti leiligheter med to soverom og stove med kjøkkenkrok samt veranda rett mot stranda. Desse vil kunne gi plass til ein familie på inntil 6 personar, noko det er stor etterspørsel etter. Vi går no i gang med å planlegge dette og vil i tilfelle invitere nordmenn inn som investorar for å finansiere dette.

Ellers har vi no bestilt solcelleanlegg med batteripakke for å sikre stabil straumforsyning til hotellet, men også for å verte mest mogleg berekraftige.

Når det gjeld dei prosjekta vi har gåande frå tidlegare så går det litt opp og ned. Vi har hatt eitutfordrande år når det gjeld eggproduksjonen. Vi var i svært fin utvikling i 2022 og bestilte då 5000 kyllingar som vi fôra opp utover året. Vi hadde såpass god lønsemd i produksjonen frå dei ca 6000 hønene vi då hadde at vi dekte alle kostnadane med å drifte farmen samt framforing av dei nye kyllingane. Dessverre viste det seg at dei 5000 kyllingane svikta totalt då dei skulle starte å verpe. Dette var i årsskiftet 2022/23. I løpet av dei første månadane av 2023 mista vi ca 30% av dette kullet og vi måtte berre avslutte dette. Dette vart eit stort tap for oss, og vi slit fortsatt med dette. Etter kvart vart dei 6000 hønene vi hadde frå før gamle og verpinga gjekk ned. Det gjekk også noko tid før vi hadde kapital til å kjøpe inn nye kyllingar, men no har vi endeleg eit kull på 2000 høner som har starta å verpe, så får vi sjå korleis det utviklar seg. Heldigvis har vi fått fleire føter å stå på på farmen. Vi planta ca 150 lime-tre for nokre år sidan og dei har no starta å gi avling og inntekter. Vi har også fått på plass ein grønsak-åker. For å få god nok jord til å dyrke grønsaker måtte vi legge på ei blanding av hønegjødsel og strø, så det har tatt noko tid, men vårt mål er å dyrke grønsaker til vårt eige hotell.

Etter at vi drog i gang rydding av strendene på Zanzibar har vi etablert eit samarbeid mellom Plastfritt Hav, Havila Kystruten og Sunnmørsegg. Dette går ut på at Havila Kystruten kjøper Sunnmørsegg til sine fire båtar som går i rute mellom Bergen og Kirkenes. For kvar kasse med Sunnmørsegg dei kjøper så går det 10 kroner til å lønne lokale kvinner og ungdommar på Zanzibar for å rydde strendene for plast. Vi har no hatt rydding av strendene i Bwejuu opp til to gonger kvar veke i over to år. Dette har også medført ei haldningsendring i lokalmiljøet, sjølv om det fortsatt er ein lang veg å gå. Etter kvart som det vert rydda så kjem det dessverre heile tida nytt plastavfall… Den plasten vi har samla inn har gått til resirkulering på fastlandet av Tanzania. Vårt engasjement for å etablere løysingar for å gjere alt avfall til rein energi har vi dessverre ikkje lykkast med. Helene Veflen arbeidde i fleire månader med ei mulighetsstudie på Zanzibar, men det har vist seg svært utfordrande å få til dette. Vi vil likevel fortsette å arbeide for at vi kan få til lokale løysingar for resirkulering av all plasten vi samlar inn.


FOLKA BAK PROSJEKTET

Bilde-1.jpg#asset:3447

Rune Haram er bonde med egg-, mjølk- og storfekjøtproduksjon og dagleg leiar i Sunnmørsmat AS. Utdanna agronom og har mange års erfaring innan salg og marknadsføring. Han har også erfaring frå toppnivå innan landbruksorganisasjonane og var i perioden 2004 – 2006 styreleiar for Prior Norge og var med og skapte dagens Nortura SA. Han har òg arbeid med forsknings- og utviklingsarbeid innan kjøtsektoren.


Bilde-3.jpg#asset:3449

Ellen Alfsen er cand. jur. frå Universitetet i Oslo, og har studert EU-rett og internasjonal samanliknande privatrett ved Universitetet La Sapienza i Roma. Ho har jobba som rådgiver for KRF på Stortinget, vore kommunepolitikar i Moss og 1. vara til Stortinget for Østfold KRF. Ho har òg vore direktør for Landbruket sitt Brusselkontor, og jobbar no med næringspolitikk og kommunikasjon for Norges Skogeierforbund. Ellen har lang erfaring med internasjonalt arbeid.


Bilde-9.jpg#asset:3450

Leif Nordli har vore anleggsentreprenør i 40 år og er frå Elverum. Han har lang erfaring frå Afrika og har mellom anna arbeidd for Norad i Uganda. Dei siste ti åra har han vore med på å bygge opp både eggproduksjon og rugeri i Dar es Salaam samt ein farm i Kilowa saman med Innocent. I dette arbeidet har han sendt brukte lanbruksredskap og byggematerialer frå Noreg til Tanzania.


Bilde-10.jpg#asset:3451

Innocent Thomas Massawe er oppvaksen i Moshi, Tanzania og er utdanna veterinær. Dei to siste åra av studiane tok han ved NMBU på Ås. Han har òg arbeidd ei kort periode i Noreg samt hatt tre års plikttjeneste som veterinær for regjeringa i Tanzania. Han har no både veterinærpraksis samt eggproduksjon og rugeri i Dar es Salaam. Han er no tilsett som dagleg leiar i Zanegg Limited, som er selskapet vi bygg opp på Zanzibar.


Bilde-135.jpg#asset:3452

Den avdøde Ali Mwinyi vart fødd i Jambiani på Zanzibar og arbeidde i avdelinga for skogbruk og ikkje-fornybare ressursar. Han arbeidde med skog og utmark og hadde ansvar for Jozani nasjonalpark. Han samarbeidde med John John i nesten 20 år, og var òg styremedlem og medeigar i selskapet vi byggjer opp på Zanzibar. Dessverre gjekk han bort 21. september 2020. Vi takkar han for alt han bidrog med!


ToneSteinsland_Nortura-3_preview.jpeg.jpg#asset:3599

Tone Steinsland er tredje generasjon i familiebedrifta Steinsland & Co, som driv med klekking og oppdrett av kyllinger til verpehøner. I tillegg er ho engasjert i fleire tillitsverv i landbruket både nasjonalt og internasjonalt. Tone har også budd 6 år i Australia, og har blant anna ein Master i International Relations i frå Curtin University. I 2019 gjennomførte ho AFF/NHH sitt Solstrandprogram Accelerate.


Bilde-20.jpg#asset:3453

Tord Ripe er dagleg leiar i selskapet The Cloud People med hovudkontor i Oslo. Han er utdanna innen data ved høgskulen i Molde og har lang erfaring innan IT-bransjen. Han har òg vore engasjert i leiinga i veldedige foreningar.