Fjellslatt

Fantastisk arbeidsplass!

Sjå dronefilm frå fjellslåtten på Haramsøya frå 2017! Finare arbeidsplass skal ein leite lenge etter.


Det er fantastisk å drive landbruk heilt ute i havgapet på Sunnmøre og når vi tek fjellslåtten har vi spektakulær utsikt med heile 180 grader med hav! Dette er òg eit flott område for fjelltur! Den om lag 7 kilometer lange vegen over fjellet går opp på Haram og over store delar av fjellet på Haramsøy og ned på Ulla.