Steike god biff på ein enkel måte

  • IMG 1742-Nils
    Nils-Henning Nesje
    Bondelagskokk

    Bondelagskokk og drivar av Mat med Hjartet.

Slik gjer du det

Biff av grasfôra kastratukse steikt på ein enkel og grei måte.

Steike ein god biff
Legg biffen i romtemperatur i god tid før tilberedning, minst 1 time før.
Salte og pepre biffen på begge sider.
Ha god varme på steikepanna, og ha i litt rapsolje og smør.

Smøret skal bli nøttebrunt, då er panna ca 125°C.

Legg biffen (2-3cm tjukk) i panna og steik det ca. 1 min på kvar side.

Skal ein steike biff til mange, og vil vere en del av selskapet sjølv; førehandsteik biffane slik, og legg dei i steikeovnen på 55°C. Då kan dei stå der alt i frå 30 minutt til 3 timar. Dette sikrar eit godt resultat kvar gong.

La biffen kvile i ca. 5 minutt for at kjøtet og kjøtsafta skal stabilisere seg inni kjøtet, slik det ikkje sprett ut med ein gong ein åpnar filén.
  • IMG 1742-Nils
    Nils-Henning Nesje
    Bondelagskokk

    Bondelagskokk og drivar av Mat med Hjartet.