Entrecôte med ovnsbakte grønsaker

IMG 1688
  • IMG 1743-Ingeborg
    Ingeborg Valde
    Storfjord Hotell

    Kjøkkensjef ved Storfjord Hotell

Ingrediensar
Biff
  • 150-200 g Entrecôte (pr.pers)
  • Smør og olje
  • Salt og pepper
Ovnsbakte rotgrønsaker
  • Gulrot
  • Sellerirot
  • Gule og raude beter
  • Smør og olje
  • Timian
  • Salt og pepper
Bakt sjalottløk
  • Sjalottlauk
  • Grovsalt
Bernaisesaus
  • 150 g Smelta smør
  • 2 ss Finhakka sjalottlauk
  • 1-2 ts Tørka estragon (alt etter kor mykje smak du vil ha)
  • 1 stk Persillekvist
  • 2 ss Kvitvinseddik
  • 2 ss Vatn
  • 3 stk Eggeplommer
Oppskrift

Det er mange måtar å steike biff på, her kjem den måten eg liker best.

Steiking av biff
Ta biffen ut av kjøleskapet i god tid før du skal bruke den, gjerne ein time, pakk den ut av emballasjen og legg den på eit stykke kjøkenpapir. Biffane bør ikkje vere for tynn, ein entrecôte kan godt vere ca tre cm tjukk.
Ha smør og litt rapsolje i ei steikepanne, la det bli skikkeleg varmt, ikkje brent, men nøttebrunt, før du legg biffen i panna.
Brun biffen ca. to minutt på kvar side, krydre med salt og pepper.
Legg biffen i ei ildfast form og sett inn eit steiketermometer. Sett den så i ovnen.

Her kan ein ta det litt som det passar, har du god tid tar du lav temperatur har du litt dårlig tid, tar du høyere temperatur. Kjernetemperaturen skal vere ca 53°C når du tek biffen ut av ovnen.

Dekk den til og la den kvile i ca. 10 minutt. Kviletida er viktig, men spesielt om du har brukt høg temperatur i ovnen.
Ovnsbakte rotgrønsaker
Del opp grønsakene i passe store bitar, ca. fingertjukkelse.
Ha det i ei ildfast form og ha i litt nøytral olje og et par klattar med smør. Dryss over salt og pepper, og gjerne friske urter som f.eks timian.
Det heile steikast i ovnen på 200°C til dei er møre.
Bakt sjalottlauk
Skjer av enden på lauken, ikkje skrell den. Sett snittflata til lauken ned i grovsalt.
Steik i ovnen på 175°C i ca. 20 minutt. Lauken skal vere heilt mjuk.
Server med skal, så er det berre å klemme ut lauken når du skal ete den.
Bernaisesaus
Ha sjalottlauk, vineddik, estragon og persillekvisten i ei kasserolle.
La dette koke på høg varme imens du rører til all væska er fordampa.
Tilsett 2 ss vatn og rør godt.
Ta ut persillekvisten.
Ta eggeplommene i ein bolle over vatnbad, og pisk til dei byrjar å bli lune.
Tilsett smelta smør imens du piskar.

Smøret skal vere lunt.

Smak til med salt, pepper, og estragon-blandinga og server.

Dersom sausen blir for tjukk, tilsett du 1 ss vatn.

  • IMG 1743-Ingeborg
    Ingeborg Valde
    Storfjord Hotell

    Kjøkkensjef ved Storfjord Hotell