Sørengarden

Sørengarden ligg fint til på sørsida av Haramsøya i ei bygd med eit aktivt landbruksmiljø. Garden er i dag dreven av fjerde og femte generasjon eigarar. Etablering av garden skjedde i 1870- åra då hus og driftsbyggning vart flytta ut frå eit klynge-tun vel ein kilometer lenger vest. Den opprinnelege Sørengarden vart noko seinare delt mellom to søsken slik at det vart to Sørengardar. Då den eine av dei to brørne omkom på sjøen vart enkja sittande igjen åleine med det som i lang tid vart omtala som «Søren-Ola» og som i dag er den Sørengarden som vi driv.

Historia fortel vidare at ein los frå Ulla hadde kjøpt ein annan gard lenger ute på Haram. Han gjekk då frå Ulla innover mot Austnes og over skaret til Haram. Oppe på skaret satte han seg på ein stein og såg ut over Haramsgarden. Det vert fortalt at han sat der og tenkte på kva han skulle gjere. «skal eg gå ut til garden min og drive den, eller skal eg gå ned i Sørengarden og fri til enkja?»

Det vart til at han valgte det siste. Enkja sa ja og desse to vart oldeforeldre til dagens eigar av Sørengarden.

På garden er det i dag stor produksjon av mjølk, storfekjøt og egg. Mjølkeproduksjonen er på nærare 600 tonn, kjøtproduksjonen om lag 20 tonn, og eggproduksjonen om lag 140 tonn pr. år.

Det har vore investert mykje i driftsbyggningar dei siste åra. Mjølkeproduksjonen skjer i eit moderne anlegg frå 1999 samt ein tilleggsfjøs frå 2009. Eggproduksjonen skjer òg i eit moderne anlegg for fittgåande høner som vart tatt i bruk i 2015.

Det har òg vore arbeidd med forskning og utvikling på bruket. Dette var eit treårig prosjekt i samarbeid med Nofima Mat AS på Ås og den lokale slakteribedrifta Ole Ringdal AS. Prosjektet var delfinansiert av Midt-Norsk Forskningsfond og heitte ”Utvikling av storfekjøtt med høyere spisekvalitet”

Dette vart grunnlaget for selskapet Sunnmørsmat AS som vart etablert på Sørengarden i 2013, og utvikling av Grafôra kjøt som no er å få kjøpe i gardsbutikken på garden.