SUNNMØRSEGG er resultatet av vår lidenskap for ferske og gode matvarer. Sunnmørsegga vert i dag produsert på utvalgte gardar på Sunnmøre. Godt fôr og godt stell er det som må til for å gi den reine og gode smaksopplevinga som Sunnmørsegg har vorte så kjend for.
Frå bakverk til frukostbordet; Sunnmørsegg passar ypparleg uansett. Etter meir enn 50 års erfaring med eggproduksjon kan vi med handa på hjartet seie at gulare blir dei ikkje!
SUNNMØRSEGG PÅ ZANZIBAR
Ved å erstatte importerte egg til turisthotella på Zanzibar med lokalproduserte egg, skaper vi fleire arbeidsplassar og inntekter til kvinner og unge i lokalbefolkninga. Når du kjøper Sunnmørsegg, støttar du arbeidet vårt på Zanzibar.
Les meir på sunnmorsmat.no/zanzibar eller skann QR-koden på lokket av kartongen.















