HaNodagane

HaNo-dagar 2015

Sunnmørsmat hadde stand på årets HaNo-dagar i Nordøyhallen på Haramsøya 5. - 6. september.

På årets HaNo-dagar var Sunnmørsmat representert med sal av sosakjøt, grytekjøt, kjøtdeig og surrasteik. I tillegg kunne ein bestille vår populære biff- og steik-kasse noko svært mange nytta høvet til å gjere.

Middag.jpg#asset:251:url

Vi var òg så heldige at HaNo hadde satsa på kjøtet vårt i kafeen sin, så laurdag var det mogleg å få kjøpe seg biffgryte, og søndag stod sosakjøtet vårt på menyen.

Mange var innom standen vår, og handelen gjekk godt så dette frista stort til gjentakelse.


Bilete er henta frå HaNo FK si heimeside, av HaNodagane i 2011. Det er trygt å seie at arrangementet stadig veks, med over 800 personar innom i løpet av helga!