Steike strykejernsbiff

  • IMG 1745-Mindor
    Mindor Klauset
    Klippfiskakademiet

    Dagleg leiar ved Klippfiskakademiet i Ålesund. Også kjend frå Mat med Mindor i NRK Møre og Romsdal.

Slik gjer du det

Strykejernsbiff av grasfôra kastratukse steikt på ein enkel og grei måte.

Steike strykejernsbiff
Legg biffen i romtemperatur i god tid før tilberedning, minst 1 time før.
Salte og pepre biffen på begge sider.
Ha god varme på steikepanna (men ikkje for varmt), og ha i litt rapsolje og smør.

Smøret skal bli nøttebrunt, da er panna ca 125°C.

Legg biffen (2-3 cm tjukk) i panna og steik det til det får ein god brun farge, snu etter behov.
Reduser så temperaturen kraftig.
Biffen kan enten steikast ferdig i panna sidan biffen er så tynn, eller i ovn.
Gi biffen nokon gode drammar med steikesjy undervegs.

For å sjå om biffen er ferdigsteikt kan du kjenne på med peikefingeren, då skal det vere om trent lik motstand som inni handflata ved tommelen (sjå video). Dess meir motstand, dess meir steikt er biffen.

La biffen kvile i ca. 5 minutt for at kjøtet og kjøtsafta skal stabilisere seg inni kjøtet, slik det ikkje sprett ut med ein gong ein åpnar filén.
  • IMG 1745-Mindor
    Mindor Klauset
    Klippfiskakademiet

    Dagleg leiar ved Klippfiskakademiet i Ålesund. Også kjend frå Mat med Mindor i NRK Møre og Romsdal.