Steike dragebiff

  • IMG 1740-Gunnar
    Gunnar Nagell Dahl
    Matattaché

    Matattaché hjå Fylkesmannen i Hordaland, primus motor for Bergen Matfestival, dommer i Det Norske måltid, og Æresmedlem i Nordic Chefs Association, blant anna.

Slik gjer du det

Dragebiff av grasfôra kastratukse steikt på ein enkel og grei måte.

Steike dragebiff
Legg biffen i romtempteratur i god tid før tilberedning, minst 1 time.
Salte og pepre på begge sider.
Ha god varme på steikepanna (men ikkje for varmt), og ha i litt rapsolje og smør.

Smøret skal bli nøttebrunt, då er panna ca 125°C.

Legg biffen i panna og steik det til det får ein fin steikefarge, snu etter behov.
Den skal ligge i ca. 5 minutt til saman.
Legg den så inn i ovnen i ca. 5 minutt på 130-140°C.

Tommelfingerregel: Får å sjå om biffen er ferdigsteikt kan du kjenne på med peikefingeren, då skal det vere om trent lik motstand som inni handflata ved tommelen (sjå video). Dess meir motstand, dess meir steikt er biffen.

La biffen kvile i ca. 5 minutt for at kjøtet og kjøtsafta skal stabilisere seg inni kjøtet, slik det ikkje sprett ut med ein gong ein åpnar filén.
  • IMG 1740-Gunnar
    Gunnar Nagell Dahl
    Matattaché

    Matattaché hjå Fylkesmannen i Hordaland, primus motor for Bergen Matfestival, dommer i Det Norske måltid, og Æresmedlem i Nordic Chefs Association, blant anna.