Karbonadesmørbrød med Sunnmørsegg og løkkompott

IMG 1668
  • IMG 1743-Ingeborg
    Ingeborg Valde
    Storfjord Hotell

    Kjøkkensjef ved Storfjord Hotell

Ingrediensar
Karbonade
  • 500 g Reint kjøt (gjerne frå høgrygg)
  • 1 ss Potetmjøl
  • ⅕ stk Finkutta lauk
  • 1 stk Egg
  • Salt og pepper
  • Litt Vatn
Laukkompott
  • 2 stk Lauk
  • 1 ss Sukker, gjerne brunt
  • 3 ss Smør
  • 2 ss Raudvinseddik
Oppskrift
Karbonade
Dersom du skal male kjøtet sjølv: Kvern kjøtet med kjøtkvern. Plukk ut senar som ikkje lét seg kverne.
Bland karbonadedeigen med salt. Arbeid dette godt inn, så du får ei seig deig. Tilsett pepper.
Tilsett lauk og egget, arbeid dette godt saman, men ikkje for lenge, då kan farsen sprekke.
Dersom farsen er for fast, spe du i litt iskaldt vatn. Så har du 1 ss med potetmjøl i til slutt.
Form karbonadedeigen til flate, ovale forme. Husk at dei minka omtrent 25% ved steiking, så lag dei store nok.

Steik gjerne ei prøvekake først, for å sjekke om det er nok salt og pepper i.

Steik dei i smør og olje på begge sider. Ettersteik gjerne i ovnen, så held dei seg varm.
Laukkompott
Skjer lauken i skiver.
Ha lauken i ei steikepanne og steik på lav varme saman med sukker, smør og raudvinseddik, til lauken er gyllen og karamellisert.

Serveringtips!
Bruk eit godt, grovt brød, smør, og rikeleg med salat, tomat og agurk. Legg karbonaden oppå smørbrødet, og topp det med eit speilegg av Sunnmørsegg og laukkompott.

  • IMG 1743-Ingeborg
    Ingeborg Valde
    Storfjord Hotell

    Kjøkkensjef ved Storfjord Hotell