Biff med lauk

IMG 1654
  • IMG 1742-Nils
    Nils-Henning Nesje
    Bondelagskokk

    Bondelagskokk og drivar av Mat med Hjartet.

Ingrediensar
  • 150-200 gr Biff (pr pers.)
  • ½ stk Lauk (pr pers.)
  • Smør
Oppskrift
La biffane ligge i romtemperatur dei siste timane før tilberedning. Legg du kaldt kjøt i ei varm steikepanne bidreg dette til å kjøle ned panna, og biffen blir kokt istadenfor steikt. Best resultat får du ved å bruke ei jernpanne da desse held (og tåle) varmen betre.

Eit lite tips for mør biff:
Dess nærare du kjem «best før» datostemplinga på kjøtet, dess mørare er biffen.

For medium steikt biff: Steikast i godt med smør/margarin på høg varme. Ikkje legg for mykje kjøt i panna om gongen (maks. 3 biffar).
Når det piplar væske opp på den rå sida av kjøtet snu du dei. Biffane er medium steikt når det piplar væske opp på den andre sida.
Krydre med salt og pepper.
La kjøtet kvile på tallerkenar imens du tilberedar lauken.

La alltid biffkjøt kvile minst 10 minutt etter steiking.

Skjer lauk i skiver og steik på middels varme i same panne som du laga biffen. Server med kokte poteter, steikesjy og ovnsbakte rotgrønsaker som f.eks gulrot, pastinakk og persillerot.
  • IMG 1742-Nils
    Nils-Henning Nesje
    Bondelagskokk

    Bondelagskokk og drivar av Mat med Hjartet.