Beinlause fuglar med brun saus

IMG 1670
  • IMG 1740-Gunnar
    Gunnar Nagell Dahl
    Matattaché

    Matattaché hjå Fylkesmannen i Hordaland, primus motor for Bergen Matfestival, dommer i Det Norske måltid, og Æresmedlem i Nordic Chefs Association, blant anna.

Ingrediensar
Kjøtfarse
  • 400 g Kjøtdeig frå kastrat-ukse
  • 60 g Spekk eller bacon (Eller margbein, som er det opprinnelege på beinlause fuglar)
  • ½ stk Lauk
  • ½ ts Salt
  • ¼ ts Pepper
  • ¼ ts Malt nellik
  • ¼ ts Malt ingefær
  • ¼ ts Malt allehånde
  • 2 ss Smør
  • 6 dl Vatn
Oppskrift

Beinlause fuglar med brun saus

Kjøtfarse
Form flate porsjonskaker av kjøtdeigen. Skrell og finhakk lauken. Finhakk spekk/bacon.
Bland saman krydder og strø det på porsjonskakene. Legg på ei blanding av lauk og spekk, bacon, eller margbein på midten av kakene og la dei att. Form dei som avlange bollar.
Steik bollane i smør. Legg dei over i ei gryte med god kraft og la det småkoke/trekkje til dei er gjennomkokt, ca. 15-20 minutt.

Steik ei lita prøvekake.
Serverast med brun saus.

  • IMG 1740-Gunnar
    Gunnar Nagell Dahl
    Matattaché

    Matattaché hjå Fylkesmannen i Hordaland, primus motor for Bergen Matfestival, dommer i Det Norske måltid, og Æresmedlem i Nordic Chefs Association, blant anna.